21.02.2014

Frå omslagstopp til topp med splitt framme

DSC_0195kvit DSC_0201bk

Her skal du få sjå korleis du endrar omslagstopp-mønsteret til å lage ein topp som denne. Eg hadde lyst til å ha reine linjer utan knappar i toppen på bileta, sidan det var så mykje detaljar i stoffa. Men det enklaste er nok likevel å ha knappelukking midt framme.

Mønster: Omsøagstopp-mønster av Annwes, Symagasinet mars 2014 (den norske versjonen)

1.Teikn av omslagsstykket og teikn inn “midt for”-linje:

2. Bestem deg for kor brei ribbkant du vil ha. På denne toppen er ribbkanten 3 cm brei. Dette fungerer med Hilco-ribb som er godt tøyeleg. Men det ville ikkje fungert med Stoff og Stil-ribb (mellom 1,5 og 2 cm?).

3. Teikn to hjelpelinjer på kvar si side av midtlinja, parallelt med midtlinja og midtlinja midt mellom hjelpelinjene. Hjelpelinjene skal forestille ribben, så avstanden mellom dei er lik ribb-breidda.

 

4. Teikn ei linje i éi ribb-breiddes avstand frå halsutringinga ned mot den fyrste, hjelpelinja:

 

5. Lag ein jevn boge over til hjelpelinja og fortset nedover:

 

6. Klipp ut mønsteret (langs grønn linje). Eg brukar å leggje til saummonn i denne prosessen (1 cm):

 

7. Bakstykket treng også å justerast i halsutringinga. Eg likar å gjere dette etter at eg har klipt ut mønsterdelen, så eg slepp å klippe i mønsterpapiret. Rekn ut før du klipper: Trekk frå ribb-breidde og legg til saummonn. I dette tilfellet –3 cm +1 cm, dvs at eg klipte av to cm i halsutringinga på bakstykket.

8. Klipp ribb-remse: Dobbel ribb-breidde + saummonn på kvar side. Til 3 cm ribbkant klipper eg 8 cm brei ribb-remse. Press remsa på langs. Pass på at remsa er lang nok!

9. Sy den pressa remsa på rette mot rette, start “nederst” nedanfor bysta, sy opp, rundt og ned igjen. STREKK remsa medan du syr: Ørlite grann på rette strekningar, ikkje i det heile tatt i svingen der dei to stoffdelane møtast midt framme (pass her på at ribbsaummonnen ligg kant i kant med jerseysaummonnen heile tida). Strekk nokså mykje på sidene på nakkestykket, der det er krapp sving.

10. Press ribben på plass med strykejern. Har det blitt litt stramt nokre stader? Då kan det hjelpe å sy saummonnen ned med ein stikning nokre millimeter inne på jerseystoffet. I dette tilfellet bør det gå bra å gjere det med vanleg rettsaum, sidan denne ribbkanten neppe kjem til å bli veldig strekt.

11. Legg høgre framstykket over venstre og set på knappar. (Sjølv sydde eg delane saman med ein rettsaum langs saumen på høgre sida av ribben (eg auka overlappinga med 2-3 mm). Kanten på venstre sida av ribben festa eg for hand.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...