15.09.2013

Fyrste kleda frå HS&J-boka!

Tøffing-bukse mønster fra Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund

Tøffing-bukse mønster fra Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund

Genser, mønster fra Heilt Spesiell og Jubel sy glade klær til glade barn av Kristin Thorsnes og Ane Sund

 


Boka til Heilt Spesiell og Jubel er så inspirerande at eg  måtte sy med ein gong! Eg likar stilen deira veldig godt, og det er kjempemoro å sy klede i friske fargar! Eg kjente på det i går kveld, at å kombinere stoff er ikkje så lett (eller så er eg berre veldig kresen på kva eg synest passar saman…), men det gjer det også moro å lage plagg :-) Og så er det ein bonus med denne stilen; eg kan hente stoff i resteskuffen, og dermed få brukt stoff som nesten har vore gitt opp!

Desse kleda er sydd i str. 116, jenta er 115 cm lang.

Om buksa: Boka inneheld eit buksegrunnmønster som går att i mange ulike modellar, der til dømes lommedetaljane varierer. Eg hadde eigentleg bestemt meg for å sy lommeposar på innsida som syast fast med ein brei saum som blir synleg på utsida av buksa, men då eg hadde klipt ut delane, gjekk det opp for meg at eg hadde klipt ut utanpålommer, hehe, så då blei det dét. Ein må halde tunga beint i munnen når ein klipper, altså, men ein fin modell blir det nå uansett :-)

Det er litt uvant for meg at ribben i beina går såpass langt opp, og får liksom trang til å sy neste buksa i ein storleik større, men det er kanskje slik den skal vere?

Den høgre lomma (til venstre på biletet) er kanta med ribb, ein ser den er litt buklete i lommeopninga. Så då eg sydde den andre, kanta eg med interlock. Det blei det glattare kant av.

Det står at 0,5 cm saummonn er inkludert. Det vil seie at når skjerebreidda på overlocken står på 0,5 så skal stoffet liggje heilt inntil overlockkniven under sying, men ingenting skal klippast av. (Har eg forstått boka rett?) Eg klipper så godt som alltid 1 cm saummonn til vanleg, men tenkte at eg skulle prøve å klippe slik det stod, og sy med 0,5 cm. Men eg fann ut at det blei for smalt, velouren sklei, og saumen greidde ikkje famne om nok stoff, med hol i skrittet som resultat.  Så genseren blei klipt med 0,5 cm saummonn i tillegg til dei inkluderte 0,5 cm.

Om genseren: Litt korte ermar, ikkje sant? Eg syntest det var synd dei hadde bomma såpass mykje på ermelengda, inntil eg oppdaga at eg hadde klipt feil… Etterpå har eg målt armlengda på jenta vår, og den samsvarer veldig godt med mønsteret på erme utan ribb-mansjett.

Genseren sit nesten litt stramt rundt rompa, særleg fordi ribbkanten nedst strammar litt. Eg har klipt ein ny genser i samme mønsteret (med riktig ermelengde ;-), og den har eg klipt ørlitte grann utskråande ned mot hoftene, og med vanleg oppleggskant i staden for kant med kantebandsapparat. Så får vi sjå om det kan funke betre.

Opp-ned-coversaumen ein ser i raglansaumane på biletet under måtte eg øve meg litt på, til slutt blei det bra. Men de andre som har sydd slike pyntesaumar før; brukar de kortare stinglengde slik at det blir meir farge på “streken”?

English:

The two norwegian bloggers Heilt spesiell and Jubel have written a book with patterns for children’s wear, size 56-128 cl. (Take look at the former blog post, link to the book from the first picture in the post). I think their style is quite illustrative of the norwegian-swedish trend in the world of sewing moms. The preordered books are just released, and the rest will be for sale in book shops later in September. Adlibris.com will soon have it available in Sweden and Finland, everywhere else I’m not sure how to get it. The book is in norwegian, but an hobby sewer with some experience will be able to sew many of the garments without instructions, as long as key instructions are understood (like: 0.5 cm seam allowances included). If anyone wants to give it a try, I can help (can’t promise I’ll translate the whole book, but I can help finding the right pattern sheet an stuff like that ;-)

2 kommentarer:

  1. Kjempefine mønster, må nok kjøpe meg den boka:) Takk for mange gode tips å ha med seg når jeg skal begynne å tegne mønster!!

    SvarSlett
  2. Knakende fine plagg. Denne boka må jeg nok kjøpe når den kommer ut. Er nok enig med deg at jeg ville nok også hatt litt kortere benribb og forlenget selve buksa noe. Det gjør jo selvfølgelig ikke noe, men kan nesten se ut som buksa er litt for kort( iallefall i mine øyne, selv om jeg ser den ikke er det).
    Herlige friske farger du har brukt- me like:)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...