14.11.2012

Å vrangsy

Å vrangsy er vanskeleg. Det typiske for min del er at dei gongene eg tenkjer meg fram til korleis det skal vere, går det galt, og eg må sprette opp att. Ergerleg... Men om eg brukar hendene til å finne ut kva for stoff-kantar og -sider som skal syast saman, går det mykje betre.

I dag sydde eg ferdig ein fôra genser, og då tok eg like godt nokre bilete av det siste trinnet i vrangsyinga, syinga av den nederste kanten. Om du skal sy ei jakke med fôr og du har montert både jakke og fôr, som så skal syast saman i erma, blir prinsippet det samme som på bileta her.

Utgangspunktet er gjerne eit halvvegs ferdig sydd plagg som ligg litt hulter til bulter før ein skal finne ut kva for kantar som syast saman. Start med å leggje plagget slik ytterstoff og fôr vil liggje når plagget er ferdig:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Finn fram vendeopninga du har spart i ein saum, typisk sidesaum i fôret:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Før handa di inn i vendeopninga, mellom ytterstoff og fôr:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ta tak i stoffkant på ytterstoff og fôr, og brett dei innover mot handa di, så dei blir liggande rette mot rette mellom fingrane dine:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Hald stoffa godt fast mellom fingrane dine medan du drar handa tilbake og ut gjennom vrengeopninga:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ikkje slepp taket før du har sett i ei knappenål!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Nå er det klart til å vrenge genseren til, slik at du får lettast mogleg tilgang til å sy.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Finn deretter fram plassen med knappenål. Så lenge du fortset å leggje stoffa mot kvarandre på samme måte som knappenåla viser, kontinuerleg rundt heile, er du trygg på at vrangsyinga skal gå bra. Så er det berre å sy, og deretter vrenge tilbake!

 

Den aktuelle genseren:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Fyrst av alt: Denne genseren er sydd med eit mellomlag, altså tilsaman tre lag. Tenk deg nøye om før du finn på noko slikt, det skal i allefall eg gjere! (tungvinte greier, og lett å leggje gale stoffsider mot kvarandre)

Det finst fleire måtar å vrangsy erme på. Ein kan enten sy ermane saman til sylindrar før ein monterer erme-enden på ytterfor saman med erme-enden på fôr, etter prinsippet over. Eller, som eg har gjort her, kan ein montere erme-endane til kvarandre fyrst, og sy det saman til ein kontinuerleg sylinder etterpå.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Slik monterte eg heile genseren (vi latar som eg berre har to stofflag, og ikkje dette mellomlaget):
1. Skuldersaumar på ytterstoff og skuldersaumar på fôr
2. Halsribb
3. Ribb på erma: Fyrst den eine ribb-langsida på fôret. Deretter fylgde eg samme prinsipp som over for å sy den andre ribb-langsida til ytterstoff: Leggje heile genseren slik den skal vere ferdigmontert, for så å brette til ytterstoff og ribb rette mot rette, halde godt tak, vrenge og sy.
4. Sydde så i eitt sidesaum ytterstoff, erme ytterstoff, erme fôr og sidesaum fôr på den eine sida
5. Vendeopning i den andre sidesaumen: Sydde ca nedre tredjedel av sidesaumen i fôret. Hoppa over ca midtre tredjedel, og sydde deretter øvre tredjedel av fôrets sidesaum, kontinuerleg vidare til erme på fôr og ytterstoff, og sidesaum ytterstoff, som på andre sida.
6. Nedre kant som forklart lenger oppe.
7: Lukka vendeopninga
(I tillegg til laga eg nokre festepunkt mellom fôr og ytterstoff her og der).

Mønster: Eige
Stoff: Jersey med ville dyr, designa av Johanna Ahlard (kjøpt av tidlegare Cetho/CitronE Design). Mellomlag av ullinterlock frå Kølkær i Herning*. Tynn bomullsinterlock med paraplyar, kjøpt på Etsy. Ribb frå Stof og Stil (halsen ser litt herja ut, den blei sydd på to gonger, hehe…)

*heile greia med desse tre laga var at ull-interlocken er altfor stikkete, sjølv om det stod på rullen at den var meint til undertøy. Så derfor tenkte eg at eg skulle pakke den inn…

4 kommentarer:

  1. Hei! Så mykje kjekt det var å finne her inne :-) eg har lagt meg til som følgar :-)

    SvarSlett
  2. Så hyggeleg, Silje,velkommen som følgar!

    SvarSlett
  3. Hei hei

    Nok ein flott tut!

    Eg mista domenet mitt, og det vart litt surr på bloggen. Blant anna mista eg heile blogglista mi. Må sei eg har sakna Løgleg; favorittbloggen min!!

    No er du trygt på plass igjen.

    Gledar meg til å lese og lære vidare i bloggen din :)

    SvarSlett
  4. Så gøy å høyre at du likar bloggen min, Tråkleguri! *glad* Håpar alt funkar på bloggen din nå, det er så kjedeleg om ein mistar det ein har bygd opp der...

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...