20.10.2012

Slik syr eg A-form-kjole av ullfilt

Eg la ut bilete av denne kjolen på Sykroken.net for ikkje så lenge sidan, og lurte i samme slengen på om nokon var interesserte i forklaring på korleis eg syr slike kjolar. Det var det fleire som var, veldig gøy!
Materiale og utstyr ein vil trenge:
-Ullfilt*
-Ribb, evt. interlock til kanting (jersey kan også brukast til kantar om du kantar med tvillingnål)
-Mønster til A-form-kjole
-Lang glidelås, vanleg eller usynleg
-Coverstitch-maskin med eit kantebandsapparat som taklar tykke stoff ELLER vanleg symaskin med tvillingnål (tutorial her).
-Du vil også trenge ei smal saks.
-og KAM-knappar (men har du ikkje, finn du berre på nokon annan form for lukking)

*Eg har vaska (ullvask i maskin) og tromla (låg varme) ullfilten før sying. Då blir den litt "fluffy", Stoff og Stil sin ullfilt er litt Vadmålsaktig/"flatpakka" før vask.

Ullfilt er eit stoff som er strikka, og som ikkje raknar. I tillegg er det nokså tykt og stivt, og desse eigenskapene synest eg passar godt til å sy rette mot vrange i staden for rette mot rette. Dette innlegget forklarar korleis.
Tutorial: A-form-kjole i ullfilt
Kjolen over er i str. 2 år. Fleire kjolar kan du sjå her.

Klipping:
I overkant av 1 cm saummonn leggast til, men  berre til på bakstykket, og berre på skuldersaumar og sidesaumar slik:
Slik kan du sy ein A-form-kjole i ullfilt

Glidelås:
Det er glidelås midt bak på kjolane. Det er finast med “usynleg glidelås” (lilla kjole), men det går heilt fint med vanleg glidelås også (raud kjole). Du treng ikkje ha eksakt lengde så lenge den er lang nok til at du kan klippe den ned til passeleg lengde.
Slik kan du sy ein A-form-kjole i ullfilt
Start med å klargjere glidelåsen:
Eg klipper av glidelåsen på augemål. Eg likar å ha god opning og lar den gå langt ned, til dømes 3/4 av bakstykkets lengde. Så kler eg den avklipte enden inn i ein liten jerseybit (jersey frynsar seg ikkje opp):

Det neste er å markere midt bak med nåler:

Deretter nålar eg fast glidelåsen på vranga. Ribbkantane mine er 14 mm breie, så eg legg stopparane på glidelåsen ca 14 mm frå stoffkanten (gulbrun pil).
Sy glidelåsen på: Eg startar øvst, så langt opp eg kjem utan at syfoten stangar inn i glidaren på glidelåsen. Så syr eg eit passeleg stykke ut frå midten, (eg målte etterpå at eg hadde sydd 7 mm frå midten av glidelåsen.)

Eg sluttar saumen nokre få millimeter før eg kjem ned til glidelåsenden (festar godt).

Deretter snur eg og syr oppover på andre sida (festar godt i starten). Når eg nærmar meg toppen att, sluttar eg saumen når syfoten møter glidaren, fjernar så stoffet frå maskina.

Når eg har kome så langt, ser det slik ut, det vil seie at det manglar saum øvst.

Nå klipper eg opp stoffet framom glidelåsen, midt mellom saumane. Eg stoppar eit par millimeter før enden av saumane (bilete nr. to nedanfor)


Opnar glidelåsen og syr siste del av saumane.

Om ein lukker glidelåsen etter sying, ser det slik ut:


Montering av kjolen:
Har du forresten hugsa å pynte kjolen? Det heldt nemleg eg på å gløyme, eg var så opptatt med å take bilete av denne kjolen, at eg nesten gløymde å sy på katten. Heldigvis kom eg på det, det er nemleg atskillig enklare å applikere før plagget er montert, enn etterpå!

Gangen i monteringa er:
1. Skuldersaumane
2. Kante halsutringinga, setje i knapp
3. Kante ermeutringingane
4. Sy den eine sidesaumen
5. Kante kjolen nedst
6. Sy den andre sidesaumen
Slik syr eg saumane rette mot vrange:

rette mot vrangeMedan både framstykke og bakstykke ligg med retta opp, legg eg framstykket oppå saummonnen på bakstykket. Nålar fast på langs der saumen skal ligge, og med nålespissen peikande mot syfoten, så det er lett å nappe ut nålene undervegs.  Syr ei halv saummonn-breidde frå kanten på stoffet. Sånn cirka, i allefall.

Når det skal kantast:
Eg brukar kantebandsapparat og sørger for at det blir nokre cm kant “ute i lufta” både før og etter sjølve kanten. I halsutringinga festar eg remseendane med ein KAM-knapp slik:

sy ein barnekjole av ullfilt
Eg lar det vere ei lita løkke på utsida (øvst på biletet over), slik at ein har noko å ta tak i når ein skal opne knappen. Eg har fyrst berekna kor lang remse eg treng, deretter klipt av før eg har festa knappen til slutt. Men det finst ulike måtar å avlsutte kantebandet i halsen på. Hovudpoenget er at ikkje glidelåsen går opp av seg sjølv. Kanskje det ikkje trengst nokon knapp? Det går heilt sikkert fint å bruke ei hempe av nokon slag, sjå kva du har i syskrinet. Om du ikkje avsluttar kantebandet med ein kapp som på biletet, kan du avslutte kanten med å brette det mot vranga i enden, og feste det med ein saum på tvers nokre få millimeter frå bretten. Om du kantar med tvillingnål, kan det godt hende du kan finne på ein betre måte å avslutte kanten på.

Avslutning av kantane ved sidesaum:
barnekjole i ullfilt
Den frie kanten på framstykket brettast rundt stoffkanten mot vranga før ein legg stoffa mot kvarandre for sying av sidesaumen. Når ein har sydd sidesaumen, klippast overskytande ribbkant av to-tre millimeter frå saumen. For at ikkje ribbkant-bretten skal stikke ut, kan ein sy den fast, som på biletet.  Ein kan også sy den fast som det aller fyrste trinnet, før sidesaumen syast.
Sånn, og om du har fylgd rekkjefylgja som står litt lenger oppe, så skulle du vel vere ferdig nå, trur eg!

Mønster: Eige
Materiale: Ullfilt frå blant anna Stoff og Stil. Ribb (stretch hersey)frå Stoff og Stil. Når eg har hatt både ribb og interlock i samme farge, har eg brukt interlock nedst og ribb i hals- og ermeutringing. KAM-knappane er frå Lykkefragen.no.

3 kommentarer:

  1. Hei, kom tilfeldigvis innom bloggen din, og kommer gjerne igjen. Så mye fint du lager, og så flott og detaljert du deler det med oss andre. Takk!

    SvarSlett
  2. Så smart med glidelåsen!
    ;o)

    SvarSlett
  3. May Britt Espelund Løfgren30. desember 2012 kl. 08:53

    Fantastisk nydelig tøy du lager! Utrolig koselig at du deler dine sy tips med oss lesere;) Tuuusen takk

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...