10.05.2012

Velourgenserar, og litt om det å dele opp mønsteret

Dei eldste to, på 5 og 3,5 år trong genserar. Denne gongen har eg brukt samme gensermønsteret til jenta også, medan eg tidlegare berre har sydd guttegenserar av det. Men det skulle vel ikkje vere nokon grunn til at ikkje jenter kan gå med slik fasong, vel?

DSC_0984
DSC_0986
Jenta har i det siste gått og ønskt seg rosa tøy med gule striper, så det blei rosa genser med éi stor, gul stripe. Gutungen likar best det han har frå før, men han kjem nok til å like genseren sin etterkvart, berre han får litt tid på seg :-)

Om oppdelinga av mønstera (samme mønster, men i str. 4 og 6 år):


Mønsteret har eigentleg heil framside og bakside, men eg har delt det opp (også bak). Det vil seie, i praksis har eg berre bretta mønsteret til, og lagt til 1 cm saummonn utanfor brettekanten. Det som ikkje er lurt, om ein vil ha fleire stoff i staden for eitt, er å klippe opp etter at ein har klipt ut den store mønsterdelen i eitt stoff, for då får ein ikkje med saummonn!

Om ein synest det blir litt kjelkete med bretting, eller ein vil dele opp eit mønster i linjer som ikkje er rette, kan ein teikne av ein ekstra mønsterkopi, og klippe i veg! Berre hugs, at jo mindre rette kantane er, jo vanskelegare er det å sy etterpå! Det enklaste er å dele opp med rette linjer, og i litt avstand frå hjørner og slikt på mønsteret.

Her er nokre døme på tidlegare plagg med oppklipte/-delte mønster:



Mønster, genserane øvst i innlegget:

Eige, skal lure på om det var Armstrong si bok eg fekk hjelp av? Har i allefall gradert det til fleire storleikar med hjelp frå Aldrich.

Stoff:

Einsfarga, rosa og einsfarga gul velour frå Rainbow tekstil. Stripete rosa/raud velour frå Danmark ein stad (stofogstuff.dk?). All ribb, og limegrønn velour frå Stoff og Stil. Stjernevelour frå JNYDesign, trur eg. Den brune velouren er frå Stofstedet.dk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...