12.10.2011

Jakke med glidelås, belegg og ribb

-Disseksjon av ei velourjakke

Husets snart tre år gamle jente har hatt eit par industri-laga jakker med glidelås og ribbkant nedst. Fleire gonger har eg spekulert på korleis dei har sydd overgangen mellom jakkestoff, ribb og glidelås nedst på jakkene, utan at eg har skjøna det. Eg har lurt på om eg skulle sprette opp den eine, og etter at eg fekk eit viktig clue til løysinga på mysteriet på bloggen til Kokalal, fann eg ut at eg ville prøve meg på ein aldri så liten “jakke-disseksjon”!

Sakas kjerne: Biletet under viser overgangen mellom ribb, belegg og glidelås:

DSC_0184DSC_0217
(NB: Biletet over er tatt etter at nakkesaumen er spretta opp, og av motsett glidelås-halvdel av det som blir vist i innlegget elles)

Slik syr ein ei jakke som denne:


-Fyrst monterast av sjølve jakka inkludert lommer, men utan ribb, glidelås og hette. Evt. stikningar. Montér hetta (utan å setje den på), og sy falden på framsida av hetta (eller om du skal ha fôra hette; sy inner- og ytterhette saman framme).
-Sy hetta på jakka, rette mot rette (vanleg rettsaum). Om ein vil sy på eit band for å skjule saummonnen i nakken; sjå nedst i innlegget. Biletet under viser hetta til høgre, og midt framme med saummonn for glidelås til venstre. Fremre kanten på hetta syast altså på omtrent kant i kant med overgangen til saummonnen midt framme.
DSC_0210

-Overlock/kast over frie kantar på belegget, merka med gult:belegg
-Sy nedre ende av belegget på enden av ribben, rette mot rette:belegg på ribb

DSC_0221


-Sy ribben på jakka, rette mot rette, men den delen av ribben som har påsydd belegg skal ikkje vere med i saumen (Dei har likevel tatt med hjørnet av belegget i saumen). Betre å forklare med bilete enn ord:
montering ribb2
Altså: Desse tre laga startar ein med. Til venstre på biletet tar ein med alle tre lag i saumen, men til høgre på biletet tar ein berre dei to laga bakerst på biletet med i saumen.
DSC_0212
Saumen blir sjåande slik ut:
DSC_0211




-Deretter kan ein presse saumen, og sy ein stikning, på denne jakka med trippel-topcover, etterpå ser det slik ut:DSC_0209



-Tid for å montere glidelåsen, kvar halvdel for seg: Fyrst syr ein den på sjølve jakka, rette mot rette. Biletet viser toppen av glidelåsen, den øverste enden bretta. Hetta på jakka sjåast til høgre på biletet.
DSC_0207
-Nå skal belegget syast på. På denne jakka har dei klipt eit hakk i saummonnen nedst i ribben.  Sørg for at glidelåsen ikkje er bretta tilbake, slik den er på biletet under (fylg lilla piler). Legg deretter belegget mot den nakne sida av glidelåsen (dvs. beleggets rette mot glidelåsens vrange), slik at ribbens rettsider omfamnar glidelåsenden. Ingen saummonn brettast inn nokon stad.
DSC_0204kompr
-Sy på belegget på glidelåsen, fortset langs hetta opp til skuldersaum (eller her; fremre raglansaum). På biletet har eg berre spretta opp deler av denne saumen.DSC_0200
-På denne jakka har dei sydd over saummonnen i nakken med ein overlocksaum: Sy over glidelåstoppen og saummonnen til toppen av belegg, jakke og hette med overlock, hetta øvst mot syfoten. Alternativet til å sy ein slik saum, er å sy på eit band over saummonnen i nakken (sjå nedst i innlegget). På biletet under er jakka snudd utover, så belegget ligg skjult bakanfor glidelåsen.
DSC_0197
-Vreng belegget og ribben tilbake slik at glidelåstaggane kjem fram.
-Sy ein stikning oppover langs glidelås, vidare langs nakken (stikninga festar hette-saummonnen til jakka), og ned langs andre glidelåshalvdelen. Eventuell hempe eller merkelapp kan festast i denne stikninga.

DSC_0183
-Fest hjørnet av belegget til skuldersaumen (eller fremre raglansaum, som her) med ein liten stikning (saksa er med på biletet berre for illustrasjonens del):
DSC_0196
-Merkelappen i nakken er sydd på til slutt

HER er ei jakke som er sydd like etter denne tutorialen blei laga, og som har utfyllande informasjon om syinga.

Alternativ 2 for å pynte i nakken/skule saummonn:
Ein kan sy på eit band i nakken. På jakka under er bandet sydd på like etter at hetta er sydd på jakka. Den øvste saumen på det rosa bandet går gjennom saummonnen heilt inntil saumen som festar hetta på jakka. Den nederste saumen svarar til stikninga på den grønne jakka, omtalt like ovanfor. Men på denne jakka har dei avbrote stikninga for å få rosa tråd på det rosa bandet. Hempe eller merkelapp kan festast innunder dette bandet.


DSC_0215

2 kommentarer:

  1. Har sydd en hettegenser/jakke til mini slik etter mønster fra stoff og stil..satt som ett spørsmålstegn ei lita stund før jeg skjønte hvordan jeg skulle gjøre det gitt!

    SvarSlett
  2. Hei. Så fint at du tok "sprettejobben" og fant ut av hvordan man gjør dette. Nyttig for meg og sikkert flere til. God forklaring! Takk skal du ha :-)

    SvarSlett

-Kjempekoseleg om du har lyst til å seie hei!
-You're welcome to place comments in english!
-Svenska kommentarer gjör mig glad, danske kommentarer er sjov!
-Ich verstähe auch ein bischen deutsch, doch ist englisch mehr sicher, you're welcome anyway!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...